mars 21, 2008

Oppslag i Bergens Tidende

Bergens Tidende trykkja 19.mars eit intervju med Ungdom For AFP. Oppslaget finst ikkje på BTs nettavis, så vi legg det ut her.

Les mer →

mars 20, 2008

Unge arbeidarar på bana!

Velkommen til Ungdom for AFP sin blodferske blogg!

Vi er ei nystarta gruppe unge fagorganiserte i Bergen. Vi skal m.a. på denne sida melde at biletet ikkje er so enkelt som at unge vil ha høg løn i dag og dei gamle tenkjer pensjon.

Tvert om er det jo slik at vi som er unge i dag taper mest når ordningar som AFP og andre rettar som er kjempa fram vert svekka og forsvinn. Og i dagens samfunn, når vi er kome so langt i utviklinga og effektivitet, skal vi ikkje ha råd til å oppretthalde velferdsordningar som vart kjempa fram i trangare tider?

Dersom du vil vere med å stø opp om kampen for AFP og andre rettar i arbeidslivet er det berre å ta kontakt. Vi vil samle aktivistar og organisert ungdom og organisasjonar må gjerne stø opp om oss. Vi vil informere unge om viktigheita av å halde kampen oppe og ikkje ta for gitt at vi vil ha i morgon det som vi har i dag. Les gjerne på lenkene her på sida og elles på veven og skriv under på oppropet og organiser deg.

Kontakt UFAFP på ungdomforafp@gmail.com